Planen består av mange dokument som må sjåast i samanheng:

  • Plankartet viser:
  • Planomtalen går gjennom føremål og prosess og skildrar dei overordna vurderingane rundt plangrepa. 
  • Føresegn og retningslinjer – Dokumentet syner generelle føresegn og føresegn knytt til arealbruken i plankartet. Dette er juridisk bindande føringar for arealbruk og utbygging i kommunen. I tillegg er det retningslinjer som ikkje er juridisk bindande, men som skal opplyse sakshandsaminga i kommunen og bidra til likebehandling.
  • ROS og konsekvensutgreiing -  Alle forslag til endringar som kan føre til ny bygging eller vesentleg endra bruk skal ha konsekvensutgreiing. Utgreiingane for enkeltforslag  er lagt ved som eigne vedlegg, fordelt på ulike bygder. I tillegg er metoden for vurderingane av nye byggeområde i kommunen og den samla konsekvensen av planforslaget skildra i eit eige dokument. Eit enkelt arealrekneskap er også inkludert her. 
  • Gjennomgang av ubygde areal er eit krav frå overordna mynde for å vidareføre reguleringsplanar og byggeområder i arealdelen som ikkje er realisert. Dokumentet viser vurderingane knytt til reguleringsplanar med alle typar arealføremål, urealiserte bustadområde og hytteområde i arealdelen.
  • Vurderingar av innspel som ikkje er med i planen er kommentert enten i pdf dokumenta om innspel som ikkje er innarbeida, eller i dokumentet «Innspel og planuttaler til oppstartsvarsel og planprogram.pdf».

 

Trykk på denne lenka for å lese plandokument og vurderingar av innspel:  Postlista 

Trykk på denne lenka for å se plankartet:  kommunekart.com

 

 

Andre lenker: Se dokument på arealplaner.no   Sjå planprogram   Referat frå bygdemøte  Gjeldande kommuneplan   Se innspel