Ergoterapitenesta og ATS samarbeidar om drifta av hjelpemiddeltenesta i Luster. Arbeidet omfattar lagerhold, reparasjonar, vask og desinfisering av utstyret, transport til brukarane samt til og frå Hjelpemiddelsentralen i Førde.
Tenesta vert utført i eit tett samarbeid mellom dei kommunale ergoterapeutane og kontaktpersonen Paul ved ATS, der dei nyttar eit digitalt styringssystem spesielt utvikla for hjelpemiddeltenester til hjelp i arbeidet.
Typiske hjelpemiddel ein kan få frå denne hjelpemiddeltenesta er rullator, rullestol, krykkjer, toalettforhøgar, dusjstol, gripetang, sokkepådragar osv.
Oversikt over hjelpemiddel