Utleige av el-syklar

Kontaktperson Tommy Atterås

Ved ATS kan du leiga ulike typar el-syklar: Bysyklar, hybridsyklar, lastesyklar og off-roadarar.

Elsykkel er eit godt alternativ til vanleg tråsykkel. Med el-sykkel kjem du deg lettare opp bakkane, og du kjem lengre av garde. I ein del tilfelle kan kanskje elsykkelen også erstatta bilen.

Denne utleigeordninga kjem som ei vidareføring av utleigeprosjektet der føremålet var å gje innbyggjarane høve til å prøva ein el-sykkel før dei eventuelt gjekk til eige innkjøp.

Sykkelstallen består av 12 syklar, og prisen er framleis rimeleg: Første veka kostar 200 kroner, deretter kr. 500,- pr veke.