Om oss - kontakt og opningstider

Solvorn oppvekstsenter med skule, barnehage og SFO, er plassert i sjarmerande Solvorn. 

Dette er ei av dei fine bygdene i Luster kommune, og som er med på å gjera kommunen så unik som den er. Bygda ligg ved Lustrafjorden, og oppvekstsenteret har passeleg gå-avstand ned til stranda og det historiske strandsitjarmiljøet. Rett over fjorden, på Ornes, ligg Urnes stavkyrkje, som er på UNESCO si verdsarvliste. Strandsitjarmiljøet og verdsarven er noko elevane lærer om og vert kjende med i undervisninga. 

Skule og barnehage har ulike fellesaktivitetar gjennom året. I nærleiken til oppvekstsenteret har me ein felles naturplass med gapahuk og benker, og som er ein glimrande arena for leik og fysisk utfalding.

Barnehagen er éin-avdelingsbarnehage med 18 plassar for barn 1-5 år. Skulen er 1-7 skule, og i år er det 17 elevar ved skulen.

Opningstider:

  • Skule
    Barnetrinn (1.-4. klasse)
    Måndag til fredag kl. 08.30 - 13.15
    Mellomtrinn (5.-7. klasse)
    Måndag - fredag kl. 08.30 - 14.00
     
  • Barnehage
    Måndag - fredag kl. 07.30 - 16.30
     
  • SFO
    Morgon: 
    Måndag -fredag kl. 07.30 - 08.30
    Ettermiddag:
    Måndag -fredag kl. 13.15-16-30