Barnehagen har plikt til å følgja med, førebyggja, avdekka og handtera krenkingar og mobbing, og skal møta ei kvar bekymring med forståing.
Om du som føresett har ei uro knytt til trivselen til barnet ditt, er det viktig å ta det opp med dei tilsette i barnehagen. Barnehagen skal følgja opp alle bekymringsmeldingar, og gjera dei undersøkingar som er naudsynte for å handtera vidare oppfølging.
Om du som tilsett er bekymra for om eit barn ikkje har det bra i barnehagen, gjeld dei same forpliktingane til aktivt å undersøka og avdekka grunnlaget for bekymringa. Barnehagane i Luster har felles rutinar for korleis følgja opp bekymringar. Eventuelle tiltak skal setjast inn i nært samarbeid med dei føresette. .
Korleis oppdaga at eit barn ikkje har det bra?
- gjennom å snakka med barna
- tilsette ser noko eller fangar opp noko i samtalar med andre barn
- føresette som melder frå at det har skjedd noko i barnehagen
- barn som fortel om noko som har skjedd
- endringar i åtferd hjå barn eller i barnehagegruppa
Nokon barn vert stille og trekk seg attende i leiken medan andre gjev tydeleg beskjed når ting vert vanskelege.
(Frå Utdanningsdirektoratet: Barnehagemiljø)
Viktig med godt heim-barnehage-samarbeid
Som føresett er du saman med de tilsette i barnehagen ein svært viktig ressurs og rollemodell for barnet.
Vaksne som er trygge, skapar tillit og tek ansvar er med å støtte og lage gode føreseielege rammer for barnet. Barnehagen er avhengig av eit tett samarbeid med føresette slik at ein kan ivareta det enkelte barn og barnegruppa best mogleg. Det er barnehagen sitt ansvar å leggja til rette for eit godt samarbeid med dei føresette.
Barnet si stemme
Barnet sine synspunkt skal også høyrast, då barnet har rett til å uttala seg om saker som gjeld dei. Tilsette i barnehage har god kompetanse på å samtala med små barn. Gjennom samtalar med føresette og barnet vil ein få god forståing og innsikt i korleis barnet har det i barnehagen og kva tiltak som kan prøvast ut.