Barnevern

Sogn barnevern er ei interkommunal teneste for kommunane Sogndal og Luster. 
Barnevernstenesta har kontorstad i Sogndal, Dalavegen 2 2.etg. 
Kontoret er ope frå kl. 08.00 - 15.30. 

Vakttelefon på dagtid: tlf. 97 50 60 95
Ved akutte hendingar utanom kontortid: tlf. 40 02 29 88 eller Alarmtelefon for unge 116 111 (døgnopen). 

Gå til Sogn barnevern si heimeside

Dei fleste barn får god omsorg heime hjå foreldra sine. Det kan likevel vera krevjande for foreldre å gi god nok omsorg når dei står i vanskelege livssituasjonar. Då kan barnevernstenesta vere til god hjelp. 

Kva gjer barnevernet?
Hovudoppgåva til barnevernet er å hjelpe barn/ungdom og deira foreldre. Målet er at barn og unge skal få omsorg, tryggleik og høve til ei god utvikling. Barnevernstenesta gjer i all hovudsak ei undersøking/kartlegging av barnet og foreldra sine behov for hjelp. Nokre av tiltaka som barnevernstenesta tilbyr er råd og rettleiing, sikrar samordning av rette tenester til barn og foreldre, besøksheim, aktivitetskontakt mm.  At barn ikkje kan bu heime med sine foreldre er alltid siste utveg etter at det som regel er prøvd fleire tiltak. Det er omsynet til kva som er best for barnet som avgjer kva hjelp og støtte familiane får.

Har du uro og bekymring for eit barn/ungdom, kan du ta kontakt med Sogn barnevern på tlf.  97 50 60 95. Der kan du få lagt fram din bekymring eller drøfta om det er noko du kan gjere for barnet/familien. Dersom du ønskjer å melda ei bekymringsmelding gjer du det her;

 send bekymringsmelding. 

Les meir om kva barnevernstenesta kan bistå med på Sogn barnevern si heimeside.