Korleis bidra til at fleire barn og unge er med i fritidsaktivitetar?

Til deg som bryr deg om barn og unge i Luster kommune.

Kvifor er det viktig å få med flest mogleg barn i fritidsaktivitetar? 

 

Fritidsaktivitetar medverkar til barn og unge si heilskaplege utvikling, både fysisk, kognitivt, sosialt og emosjonelt. Det er ein viktig arena for oppleving av meistring og for å forhindre utanforskap. Ungdata-undersøkinga frå 2021 viser at om lag 1 av 4 på mellomtrinnet og over halvparten på ungdomskulen ikkje er med på noko organisert fritidsaktivitet. Det er difor viktig at dei vaksne rundt barn og ungdom oppmodar og legg til rette for at flest mogleg kan delta på fritidsaktivitetar. Dette gjeld både for å få fleire barn og unge med, og for å hindre at dei sluttar. 

Film frå allemed 

 

Sogn kulturskule