Rocket-Man

I 2023 starta Luster opp ein avdeling av konseptet Rocket-Man. 
Dette er eit fritidstilbod for ungdom med fokus på meistring og inkludering i eit trygt miljø. I Rocket-Man får ein moglegheit til å vere med på mange ulike spennande aktivitetar ilag med andre ungdommar og unge vaksne. 

I dag er me ein god gjeng, og me har gjort mange kjekke aktivitetar i lag. Me har blant anna vore på dagstur til Førde, Lustrabadet, skytebana i Gaupne, RIB-tur, grillhytta på Hafslo, overnattingstur i Sogndalsdalen, og vore i lag på ungdomsklubben i Gaupne.

Ønskjer du å bidra i Rocket-Man Luster? Me treng trygge vaksne og aktivitetsguidar!

Aktivitetsguidar: 
Unge vaksne (ca. 18-30 år) som vil vere med på ulike aktivitetar saman med ungdom vekentleg – både fellesaktivitetar og individuelle aktivitetar.
Trygge vaksne: 
Frivillige som vil bidra med det dei ønskjer – køyre til aktivitetar, lage mat, bidra i planlegging m.m.

Ta kontakt på tlf. 468 12 453 eller e-post: luster@rocket-man.no ved spørsmål eller ønskje om å bidra!

Kjenner du nokon du tenkjer Rocket-Man kunne passe bra for? 
Då kan du snakke med ungdom og føresett og saman sende inn eit søknadsskjema

For meir informasjon sjå:
www.rocket-man.no
Facebook: Rocket-Man Luster
Instagram: Rocketmanluster