Ungdomsklubb

Ungdomane i Luster har lenge ynskt seg ein plass dei kan henge. No har dei endeleg fått det dei ynskja seg. Vinteren 2023 opna det to nye ungdomsklubbar i Luster - ein på Hafslo og ein i Gaupne.

Ungdomane har gjort ein stor innsats i utforminga og oppussinga av lokala. Det har vore fleire dugnader der både ungdomane og føresette har gjort ein fantastisk jobb. Begge ungdomsklubbane har eit ungdomsstyre som har valt korleis klubbane skal sjå ut, og dei har vore mykje involvert i oppussinga av lokala. Ungdomsstyret er òg med på å avgjere kva som skjer på klubbane og korleis dei skal vere. På ungdomsklubbane finst aktivitetar som bordtennis, Playstation, dataspel, brettspel m.m. 

Opningstider
Oddetalsveker: 
​Gaupne: onsdag kl. 15.00-20.00
Partalsveker:​
Gaupne: torsdag kl. 15.00-20.00

Adresse, Gaupne: Øyagata 17, 6868 Gaupne. Inngangsdøra ligg ved Sandvolleyballbanen, mot Gaupne Barneskule. 

Ungdomsklubben på Hafslo har på grunn av byggjeprosess ikkje fast lokale i dag. Derfor varierer lokasjonen og tidspunkt. Følg med i sosiale medier for å sjå når og kor det er. 

Meir informasjon om kva som skjer på ungdomsklubbane og opningstider finn du på:
Instagram: ungdom_i_luster
Snapchat: ungdomiluster
Facebook: Ungdomsklubbane i Luster