Flexid er eit kurstilbod for ungdom med krysskulturell bakgrunn frå 14 år og oppover. Kurset handlar om at ungdommane skal bli betre kjend med eiga identitet, tryggare på kven dei er og kva bakgrunn dei har – slik at dei kan lære å sjå seg sjølv som ein ressurs og brubyggar i samfunnet.
Kommunen har to tilsette som no er under sertifisering for å halde flexid-kurs. Om du ønskjer å vere med på eit kurs kan du ta kontakt med Armando Navarro på tlf. 45979559 eller på e-post: Armando.navarro@luster.kommune.no.
Her kan du sjå film for meir innblikk i flexid.
Mentorordning
Kommunen har to tilsette som har teke den nasjonale mentoropplæring om førebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme. Dette er ei opplæring som gjer at dei tilsette har eit betre grunnlag til å gje vegleiing og bli kopla på saker der det er fare eller frykt for at personar er i gong med ein radikaliseringsprosess.
Om du ønskjer meir info, har aktuelle saker eller spørsmål kring dette – ta kontakt Armando Navarro på tlf. 45979559 eller på e-post: Armando.navarro@luster.kommune.no.