Folkehelseoversikt Luster kommune
Gjennom Folkehelselova er kommunen pålagt å ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga. Dette for å sikre ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse, samt utjamne sosiale ulikskap i helse.
Folkehelseoversikta skal gi eit bilde av dagens helsetilstand blant innbyggjarane i Luster kommune, og kva som påverkar helsa vår positivt og negativ. I dokumentet blir dei viktigaste folkehelseutfordringane i Luster presentert.
Folkehelseoversikt 2024-2028, Luster kommune
Folkehelseoversikt 2020 - 2023, Luster kommune
Systematisk folkehelsearbeid
Folkehelselova (2012) flytta ansvaret for folkehelsa frå kommunehelsetenesta til kommunen som heilheit. Det vil sei at alle sektorar i kommunen har ansvar for folkehelsa og skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og utjamnar sosial ulikskap i helse . Folkehelsearbeidet skal fremje befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding.
Folkehelselova legg opp til ei systematisk arbeidsform for kommunane:
1. Folkehelseoversikt
Kommunen skal både ha løpande oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar, og kvart 4. år ha utarbeide eit samla oversiktsdokument som del av kunnskapsgrunnlaget for å arbeide med planstrategien. I det samla 4-års dokumentet skal kommunen identifisere kva som er dei viktigaste folkehelseutfordringane.
2. Planstyrt folkehelsearbeid
Folkehelseoversikta skal vere kunnskapsgrunnlag for arbeidet med planstrategien, videre skal kommunen i sitt arbeid med kommuneplanar fastsette overordna mål og strategiar for folkehelsearbeidet som er egna til å møte dei folkehelseutfordringane kommunane har. Strategiar som skal bidra til å møte folkehelseutfordringane blir primært fulgt opp i økonomiplan, verksemdplanar og andre aktuelle planar.
3. Iverksetting av tiltak
Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte dei folkehelseutfordringar som er identifisert i det samla 4-års dokumentet. Luster kommune jobbar for at tiltak for å møte kommunen sine folkehelseutfordringar blir operasjonalisert gjennom anna plan- og styringssystem.
4. Evaluering
Kommunen skal gjennom evaluering sikre framdrift, utvikling og kontinuerleg forbetring av folkehelsearbeidet. Evaluering inneberer vurdering av om folkehelsearbeidet blir gjennomført i tråd med folkehelselova, og om folkehelsa i kommunen blir betre med utgangspunkt i dei folkehelseutfordringane som er identifisert i folkehelseoversikta.

Illustrasjon av det systematiske folkehelsearbeidet. Kjelde: Helsedirektoratet.no

Dahlgren og Whiteheads figur som viser påvirkningsfaktorar for folkehelse