På Ungdata seminaret i Luster deltok vel 50 stykk, derav 14 ungdommar, Kristian Hartveit frå Korus, vaksne tilsette og elevråd frå ulike skular samt tenester som arbeide med barn og unge i kommunen; oppvekst, helsestasjon, NAV, Flyktningtenesta, folkehelse, ungdomsklubb, barnevern, psykisk helse, PPT og politi – samt representantar frå FAU.
Det var ein engasjert gjeng som etter Korus presentasjon deltok i kafédialog med ungdom som kafévert på fem sentrale tema: rus, ungdomsskule, åtferd, helse og psykisk helse og fritid. Undervegs delte ungdommen sine tankar og perspektiv.
Tal frå Ungdata gir oss eit innblikk i korleis det er å vera ung. For å lære meir om årsakssamanheng og arbeide fram gode tiltak må vi supplere med erfaring frå det levde liv. For å få ei auka forståing må det nøstast internt på kvar skule kva som ligg bak tala.
Sentrale punkt og utfordringar ein kan ha med og drøfte med barn og ungdom, føresette, tilsette på skulane og politikarane i høve prioriteringar framover: