Helsestasjon

Helsestasjonen er ein del av kommunen sitt helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot gravide, barn og familiar.

Helsestasjonen skal vere med å fremme barn si psykiske og fysiske helse, fremme gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebygge sjukdom og skade.  Helsestasjonen følgjer opp barn og familiar etter "helsestasjonsprogrammet", fastsett av Helsesdirektoratet. Dette består av 14 konsultasjonar for barn i alderen 0-5 år. På helsestasjonen i Luster møter du jordmor, helsesjukepleiar, lege og sekretær. Fysioterapeut for barn og unge, samt psykolog er også knytt til tenesta. 

Helsestasjonen er eit gratis lågterskeltilbod og du kan kome innom utan timeavtale. Me legg vekt på ulike tema etter alder på barnet, men foreldra sine spørsmål og behov er sentralt i konsultasjonane.

 

Du kan be om telefontolk dersom du har behov for det. 

Helsestasjonen held til i 2.etg på Helsesenteret i Gaupne. Besøksadresse Øyagata 4. 

Telefon 57 68 56 05.

Opningstid er måndag - fredag kl. 08.00 - 15.00

Luster Helsestasjon | Facebook