Helsestasjon for ungdom 13-20 år

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for alle ungdommar i alderen 13-20 år og er eit supplement til skulehelsetenesta.

På helsestasjon for ungdom (HFU) møter du lege og helsesjukepleiar. Du finn oss på Luster helsestasjon og det er ope kvar torsdag kl. 14.30 - 16.00. Du kan koma innom på drop-in eller ringe for å avtale tidspunkt. 

Vårt tilbod:

  • Rettleiing om seksuell helse og rettleiing knytt til prevensjon
  • Innleggelse / uttak av p-stav og hormonspiral
  • Testing og behandling for seksuelt overførbare infeksjonar
  • Samtalar og oppfølging knytt til psykisk helse, rus og vald.

 

Kontakt HFU:
Telefon:  57 68 56 05 / 90 98 47 20
Ein kan ringe til helsestasjonen utanom oppsett opningstid for å avtale time på eit anna tidspunkt som passar betre.
HFU har stengt i skuleferien. I denne tida kan ein gjera avtale med helsestasjonen i kontortida.

 

https://www.nrk.no/spesial/prevensjonsguide/

https://www.sexogsamfunn.no/