Personar som har varig- (over 2 år) og vesentleg redusert funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade og/eller medfødt lyte, kan få stønad til hjelpemiddel frå folketrygda. Hjelpemidlane vert da lånt ut frå NAV sin hjelpemiddelsentral i fylket (Førde).
Helsepersonell må i slike tilfelle dokumentere behovet for hjelpemiddel. Oftast er det ergoterapeut, fysioterapeut, heimetenesta eller anna helsepersonell som vurderer kva type hjelpemiddel du kan ha nytte av, og grunngjev søknaden til NAV.
Hovudlageret i Gaupne er lokalt mottaksstad for hjelpemiddel som kjem frå NAV sin hjelpemiddelsentral, og leveringa til hovudlageret er normalt kvar torsdag. Kor lang tid det tek frå søknad om hjelpemiddel er sendt, til det vert motteke på hovudlageret, er avhengig av kor lang tid NAV bruker på handsaming og oppfølging av søknaden.
Når hjelpemiddel er motteke ved hovudlageret, vil det bli levert ut så snart som råd. Det kan òg avtalast at brukar hentar hjelpemiddel sjølv. I akutte tilfelle vil utlevering skje straks. Det vil bli gjort avtale med deg om tidspunkt for levering.
Hjelpemiddeltenesta vil syte for utlevering, montering, tilpassing mm, og retur av hjelpemiddel innvilga av NAV, kostnadsfritt for brukar.