Psykisk helse- og rustenesta gir tenester til deg som er over 18 år og som;
- har utfordringar med eiga psykisk helse
- har utfordringar med rusmiddelbruk eller avhengigheit
- er pårørande til nokon med utfordringar som skildra over
Tenesta har både lågterskeltilbod og tilbod til personar med langvarige og samansette behov for helsehjelp.
Tenesta har som mål å gje deg verktøy og støtte for at du betre kan meistre eigen situasjon og bidra til ein meiningsfull kvardag.
Me som jobbar i tenesta er ei tverrfagleg teneste med ulike profesjonar som psykiatriske sjukepleiarar, psykiatrisk vernepleiar, vernepleiar, miljøterapeut, kommunepsykolog, ruskonsulent og erfaringskonsulent.
Psykisk helse- og rustenesta samarbeidar med andre tenester etter samtykke frå deg, og kan såleis vere med å koordinere dine hjelpebehov.
Tenesta er gratis.