Rask psykisk helsehjelp er eit gratis korttidstilbod til alle over 16 år som ynskjer hjelp med lettare former for angst, depresjon, rusproblem og søvnvanskar. Hjå oss kan du få hjelp til å endra tankemønster og åtferd som skapar vanskar for deg i kvardagen.

Målet med behandlinga hjå oss er at du skal læra deg teknikkar for å handtere vanskelege følelsar og tankar på ein meir hensiktsmessig måte. Det er ulike måtar å læra dette på. Dei fleste som tek kontakt med oss vil få tilbod om kurs eller tilbod om rettleia sjølvhjelp med oppfølging over telefon. Nokre få vil ha behov for ytterlegare individuelle samtaler.
Dei ulike tilboda tek utgangspunkt i kognitiv åtferdsterapi. Du deltek sjølv aktivt i behandlingsprosessen, derfor er det viktig med høg grad av motivasjon og ynskje om endring for å kunne nyttiggjera seg av tilbodet.
Tilbodet kan passa for deg som:
- er trist og nedstemt over lengre tid
- har angst for sosiale situasjoner
- opplever ofte panikkanfall
- opplever å stresse mykje i kvardagen
- slit med grubling og bekymring
- ynskjer å utforske og eventuelt endre dine rusvanar
- depresjon og angst er vesentlege årsaker til sjukefråvær og redusert livskvalitet. I slike tilfelle er det lurt å oppsøke hjelp tidleg, slik at vanskane ikkje utviklar seg.
Tilbodet er ikkje eigna dersom du:
- ynskjer langvarig oppfølging i form av støttesamtalar
- har alvorleg grad av angst, depresjon, søvnvanskar og/eller rusvanskar
- har komplekse og samansette utfordringar som har vart over tid
Her søkjer du:
rask.psykisk.helsehjelp@luster.kommune.no
NB! Ikkje skriv personsensitiv informasjon i eposten.