Individuell plan (IP) og koordinator

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, kan ha rett til å få utarbeida ein individuell plan (IP).

Ein individuell plan skal:

  • Bidra til at brukaren mottek eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.
  • Kartlegge brukaren sine mål, ressursar og behov for tenester på ulike område.
  • Styrke samhandlinga mellom tenesteytar, brukar og ev. pårørande, mellom tenesteytarane og på tvers av forvaltningsnivå.

Luster kommunen nyttar elektronisk IP som samhandlingsverktøy: Visma Samspill

Info om og samtykke til utarbeiding av IP (Individuell plan)  (DOC, 82 kB)
Bruk også skjema dersom det ikkje lengre er behov for IP og koordinator, og planen skal avsluttast.