Pasientombod, klage og varslingPasient - og brukarombodet:Pasient - og brukarombodet hjelper pasientar, brukarar og pårørande med råd, rettleiing og bistand i møte med helsetenesta.Pasient - og brukarombodet har ei eiga nettside der du kan lesa meir om kva dei kan hjelpa deg med. Rett til å klaga:Du har rett til å klaga dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har motteke dei helse- eller omsorgstenestane du har krav på. Pårørande kan òg ha klagerett. Du kan lesa meir om klage og sende klage herVarsling om alvorlege hendingar:Du som er pasient, brukar eller næraste pårørande, har rett til å varsle om dødsfall eller svært alvorleg skade etter hendingar i helsetenesta. Du kan lesa meir om varsling og senda varsel her