Korttidsopphald vert gjeve som:
Utredning / behandling
Dette er ei teneste som vert ytt til personar som har funksjonstap, og der ein treng å kartlegge personen sitt funksjonsnivå for å vurdere evt behov for kommunale tenester. Tenesta kan og bli gitt som vidarebehandling etter sjukehusopphald.
Betaling etter nasjonale satsar.
Rehabilitering
Dette er ei teneste som vert ytt for å trene opp att fysiske, psykiske eller sosiale funksjoner, og/eller utvikle, oppnå nye ferdigheitar eller andre/ nye strategiar for meistring. Tenesta vert ofte tilbydd i etterkant av sjukehusinnlegging.
Betaling etter nasjonale satsar.
Øyeblikkeleg - hjelp opphald
Gjeld døgnopphald for pasientar og brukarar som har behov for øyeblikkeleg hjelp, der kommunen sjølv har høve til å gje behandling, observere og yte omsorg til den det gjeld. Tenesta kan bli gitt inntil 72 timar.
Vederlagsfri teneste.
Avlasting
Avlastning er eit tilbod til personar med store omsorgsoppgåver. Avlastning vert tildelt på grunnlag av individuell vurdering. Avlastningstiltak skal hindre overbelastning, gi omsorgsytar nødvendig fritid og ferie og muligheit til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar. Vederlagsfri teneste
Dag / nattopphald
Dag eller nattopphald i institusjon er ei teneste til heimebuande, oftast eldre personar som har eit omfattande hjelpebehov som ikkje kan oppfyllast i eigen heim.
Betaling etter nasjonale satsar.