Dagaktivitetstilbod for personar med hukommelsessvikt

20 februar 2017 vart det starta opp eit nytt dagtilbod for personar med hukommelsessvikt og aldersdemens. Dette er eit tilbod til brukarar som treng aktivisering. Føremålet med dette tilbodet er å bidra til ein meiningsfull kvardag i eit miljø med fokus på sosialt samvær, tryggleik og oppleving av meistring.

Det vil også vere med på å førebygge einsemd og isolasjon, og dessutan bidra til at brukarar kan bu lenger i eigen heim. Tilbodet vil også vere ei hjelp til dei som har tunge omsorgsoppgåver i heimen.

Dagtilbodet har nye, flotte lokale i kjellaren på Hafslo omsorgssenter. Me har kjøkken, stove, kvilerom og aktivitetsrom. Lokalet har eigen inngang frå sansehagen. Ute i sansehagen har me grillhytte, hønsehus, bærbusker og blomebed som me steller. Det er også eit hjørne med mogelegheit for å drive litt med ved og andre uteaktivitetar.

Brukarane  blir henta og bringa heim med eigen bil som dagsenteret disponerar.

Bilen vert også brukt til å reisa på utflukter.

Dette er eit tilbod måndag-fredag kl 09.00-15.00

AKTIVITETAR

Aktivitetane på dagsenteret kan bidra til å halda ved like dagliglivets funksjonar, auka trivsel og livskvalitet. Aktivitetar er knytt til årstidene, og interessene til brukarane som er på dagtilbodet

Sansehagen er ein viktig del av tilbodet, då det er mange aktivitetar me kan drive med både inne og ute i tilknyting til hagen. Det kan vere såing av blomster og hausting av bær, grønsaker.

Me har ei lita trimøkt til musikk kvar dag.

 

SØKNAD OM DAGTILBOD

Du finn søknadsskjema nedanfor i fana skjema. Kontaktperson er fagleiar Margrete Søhoel Røneid telefon 482 53 698

Telefon til dagsenteret er 469 26 242

Personalet på dagtilbodet er samansett av personar med fagkompetanse innan demensomsorg.

 

LITTERATUR

www.aldringoghelse.no

Her finst det ein del temabøker/hefte som kan vere nyttige i kvardagen

Kontakt

Kontaktinformasjon ATS