Seniorkontakt

Eit uforpliktande lågterskeltilbod til seniorar i Luster kommune. Målet er at alle i Luster skal ha ein god alderdom der helse, tryggleik og trivsel er godt ivareteke. Kva det inneber vil vera ulikt for kvar og ein. Dette er eit helsefremjande og førebyggjande tilbod, der det blir lagt vekt på kva som er viktig for den enkelte. Tilbodet er gratis og personale har teieplikt.

Me tilbyr:

  • Førebyggjande helsesamtale
  • Ope for samtalar onsdagar kl.12.00 – 14.00 på Pyramiden i 2.etg. 
  • Involverer ulike fagpersonar etter behov (tverrfagleg tilbod)

Ta kontakt med: Laila Haugsvær – seniorkontakt tlf. 948 27 126