Ordensreglar for kommunale bustader
Kvar einskild leigetakar er ansvarleg for at vilkåra i ordensreglane vert haldne. Husværa må ikkje brukast slik at dei sjenerer andre. Ordensreglane skal sikre leigebuarane orden, ro og hyggje i heimane.
1. Alminnelege vilkår
• Det må ikkje setjast barnevogner, syklar, og liknande i trapperom/gangar, slik at det er til hinder for framkomsten.
• Parkering av bilar er forbode utanom dei oppmerka parkeringsplassane. Dei som disponerer garasje, skal nytta denne, og ikkje ta opp annan parkeringsplass.
2. Reglar om ro i bustadane
• Pass på at borna ikkje leikar eller uroar i trapper og fellesrom til sjenanse for andre. Foreldra har og ansvar for at borna ikkje gjer skade eller hærverk på uteareal, bygningar bilar, syklar m.m.
3. Nattero
•Mellom kl. 23.00 og 07.00 skal det være alminneleg ro i bustaden. I nemnte tidsrom skal ein difor unngå å forårsake støy ved f.eks. høgrøysta snakk, song, musikk, fritidsaktivitetar. Dette gjeld også i tuna, bilkøyring ved inngangane i nemnte tidsperiode, må berre skje i nødsfall.
4. Renovasjon
• Leigetakar disponerer dei avfallsbehaldarane som høyrer til bustaden /desse er merka med bustadadresse. Reinhald og oppbevaring av desse er leigetakar sitt ansvar.
• Felles oppsamlingsplass og andre fellesareal skal haldast ryddige.
• Større mengder avfall og liknande kan leverast på miljøstasjonen i Gaupne.
5. Fellesareal
Den einskilde leigetakar plikter å halde orden i dei fellesareal som naturlig tilhøyrer dei.
• Plenar og grøntanlegg vedlikehald av hage og grøntanlegg skal utførast av leigetakaren. Leigetakarane plikter i fellesskap å holde gangvegar og tun ryddige for skrot, papir og andre uvedkommande ting. Rydding og stell skal utførast i form av alminneleg dugnad.
6. Brannvernutstyr.
•Kvar leigetakar har ansvar for at husværet har brann/røykvarslar og brannsløkkingsutstyr og at dette er i forskrifts messig stand. Batteria i brann/røykvarslarane må skiftast ein gong i året og pulverapparat bør ristast ein gong i året.
7. Endring av ordensreglar.
•Luster kommune kan endre ordensreglane om dei finn det naudsynt.