Søknadsfristen er den 25. kvar månad.
Du får eit svar frå oss innan 20. månaden etter at du har søkt.
Før du opnar skjemaet, leit fram følgjande opplysningar:
- personnummer til alle i husstanden din
- opplysningar om bustaden og buutgiftene dine
- opplysningar om inntekta di og eventuell formue
Elektronisk skjema
Bruk det elektroniske søknadsskjemaet dersom du har elektronisk ID og alle i husstanden din er registrerte i folkeregisteret. Då får du berre spørsmål som er relevante for deg og din situasjon, og søknaden går digitalt til Luster kommune.
Søknadsskjema for bustøtte på nettsida til Husbanken
Papirskjema
Alternativt kan du fylla ut papirskjemaet, skriva det ut og levera det på Rådhuset, eller senda det med posten til adressa under. Søknaden din kan innehalda sensitive opplysningar. Det er difor viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.
Papirskjema
Send søknad til:
Luster kommune
Postboks 77
6866 Gaupne