Bargarden naturreservat (0,2 km2)

Bargarden naturreservat ligg ved fylkesveg 55 like innom Luster, og strekkjer seg oppover i lia til ca 400 moh. Føremålet med vern av Bargarden er mellom anna å sikra eit skogområde med særprega kalkfuruskog som ligg langt frå hovudutbreiinga av denne skogtypen.

Lokaliteten inneheld plantegeografisk interessante førekomstar, slik som kantkonvall Polygonátum odorátum og raudflangre Epipáctis atrórubens. Småasal Sorbus subarranénsis er ein sjeldsynt art som har tyngdepunktet av utbreiinga si i Luster og Sogndal.

Ved fylkesvegen ligg det ein rasteplass like nedanfor reservatet, og her finn du eit skilt med kort informasjon om verneverdiane.

Det er ikkje tillate å brenna bål, telta og bruka sykkel eller motoriserte framkomstmiddel i reservatet. Du får heller ikkje plukka blomar her, men du er velkommen til å ta turen til Bargarden for å oppleva det flotte mangfaldet i blømingstida.

Verneforskrifta

Vernekart (PDF, 3 MB)

Forvaltningsplan (PDF, 7 MB)