Hafslovatnet fuglefredingsområde (1,8 km2)

Hafsolvatnet fuglefredingsområde er eit naturreservat som vart oppretta i 1991 med sikte på å ta vare på det rike fuglelivet som er der.

Reservatet dekkjer den vestlegaste delen av Hafslovatnet, samt Straumavatnet og Tverbergvatnet og nokre få meter land langs vasskanten. Området har stor verdi som trekk- og hekkelokalitet særleg for våtmarksfugl, som det er registrert bortimot 60 artar av.

Dei mest talrike artane er krikkand, stokkand, siland, raudstilk, vipe og strandsnipe. Området husar i tillegg ei lang rekkje artar som er sjeldsynte i vårt distrikt, og er overvintringslokalitet for songsvane i Indre Sogn.

Du kjem til reservatet ved å fylgja fylkesveg 55 til Hafslo, og vidare gjennom Hafslo sentrum mot Veitastrond. Unngå unødig uroing av fuglane. Det er ikkje tillate å nytta motor i reservatet, heller ikkje drone. Av omsyn til fuglane skal hundar haldast i band. Fisking er tillate med fiskekort for Hafslovatnet.