Yngsdalen naturreservat (2,4 km2)

Yngsdalen er eit klassisk døme på ein dal som er forma av breen; ein U-dal, med relativt brei dalbotn og steile fjellsider. Det uvanlege, som har gjort at Yngsdalen er freda som naturreservat, er at heile dalbotnen er dekka av myr. Slike store myrar er sjeldsynte i Indre Sogn.

Yngsdalen naturreservat (foto: Statsforvaltaren)

I tidlegare tider var det mykje beitedyr i dalen om somrane, og ein del av arealet var slåttemark. I dag er det lite menneskeleg aktivitet her; ingen husdyr beitar og gardane er ikkje lenger i drift.

Myrar kan klassifiserast etter ein gradient frå fattigmyr til rikmyr, der det største artsmangfaldet, og dei mest sjeldsynte artane, er å finna på rikmyrane. Skilnaden ligg i om myra får tilførsel av mineralrikt grunnvatn eller om det mest berre er det næringsfattige regnvatnet som bløyter torva. Det meste av arealet i Yngsdalen er fattigmyr med dominans av bjønnskjegg Trichóphorum cespitósum, snøull Erióphorum scheuchzéri, sveltstorr Carex pauciflóra, blåtopp Molínia caerúlea med fleire. Litt oppe i lisidene finst det nokre rikare parti kring kjeldeframspring.

Du er velkommen til å ta deg ein tur i reservatet! Du kjem deg enklast dit med båt over Veitastrondsvatnet og derfrå langs sti via høgdegardane i Yngsdalen. Som privatperson har du lov å slå opp telt og brenna bål i reservatet (organiserte arrangement krev særskilt løyve etter søknad). Vernet er heller ikkje til hinder for jakt og fiske. Men ver omsynsfull i høve dyre- og plantelivet i området, og legg ikkje att spor etter deg, heller ikkje søppel.