Ytamoen naturreservat (2,2 km2)

Då Ytamoen vart freda som naturreservat i 2009 var føremålet å ta vare på eit større skogområde med stort mangfald og lite menneskeleg påverknad. Her finn du edellauvskog (alm-lindeskog og gråor-almeskog og hasselkratt), flaummark, ospeskog, sumpskog og elveterrassar.

Naturtypar med skog er underrepresentert i norsk naturvern, og det er langt mellom skogområde som ikkje er sterkt prega av hogst og beite. Slik urskog er kjenneteikna ved at du finn tre i alle aldrar, også gamle grove tre og daude tre. Dei eldste trea, både levande og daude, er levestad for eit spanande mangfald av sopp, lav, mosar og smådyr, og på Ytamoen kan du finna ein del artar som er vortne sjeldsynte som fylgje av intensivt skogbruk dei fleste stader.

Du velkommen til å vitja reservatet, som du finn på austsida av Jostedalen i området Leirmo-Alsmo.

Verneforskrifta

Forvaltningsplan (PDF, 19 MB)

Vernekart (PDF, 4 MB)