Friskus tips til lag og organisasjonarTips til korleis lag og organisasjonar kan nytta Friskus på best mogeleg måte. Friskus aktivitetskalender Informasjon på sida til organisasjonen Tenk på kva informasjon innbyggjarane treng for å visa interesse for organisasjonen din:Kva gjer laget eller organisasjonen (For å fanga interessa)Lenke til heimesida, Facebookprofilen og Instagramkontoen (For å kunne dela meir informasjon)Kontaktinformasjon (Så dei veit kven dei skal kontakta når dei har spørsmål. Legg gjerne på fleire kontaktpersonar) Nøkkelord For at organisasjonen din skal vera synleg og søkbar er det viktig å nytta gode nøkkelord.Overskrifta i aktivitetar, namnet på arrangøren og nøkkelorda de har lagt inn vil være søkbare i søkefeltet på Friskus.comTenk på å skriva nøkkelorda både på nynorsk, bokmål og eventuelt lokal "slang"Om de tilbyr aktivitet for ulike aldersgrupper eller klassetrinn kan de nytta nøkkelord til å framheva det.Til dømes: "1.klasse, 2.klasse og 3.klasse" eller "barneskule" Kalenderen I kalenderen på sida til organisasjonen vil alle dei aktivitetane de legg ut vera synelege, i tillegg til at dei vil vera synlege i sjølve aktivitetskalenderen. Her kan de: Oppretta nye aktivitetarRedigera aktivitetar som allereie er lagt innSetja aktivitetar som gjentakande så dei ikkje må leggast inn kvar for segKopiera andre aktivitetar så de ikkje treng å legga inn all informasjon på nytt igjen (hugs å endra overskrifta på aktiviteten da kopien vil få "kopi" i namnet til du endrar på det) Få oversikt over kor mange som har meldt seg på aktiviteten (Viss du har lagt det til som eit alternativ)Få meldingar frå deltakarar, medlemar eller andre innbyggarar Nyheiter Her kan du dela nyheiter frå organisasjonen din som ikkje nødvendigvis er knytt til ein spesifikk aktivitet. Her kan du oppdatera både medlemar og andre som er innom arrangørsida til organisasjonen din. Medlemmar Som administrator får du oversikt over medlemane dine:Kontaktinformasjon: namn, e-post, telefonnummerKva sertifikat dei har: til dømes signert erklæring om teieplikt, framvist vandelsattest, gjennomgåtte kurs med meir. Kva roller dei ulike har i Friskus: Dette kan du som administrator endra på Søkja i medlemslista etter enkeltmedlemarSenda meldingar til medlemane og sjå kva meldingar dei har utveksla tidlegareDe kan og eksportera heile medlemslista Medarrangør Her vil dei som besøker arrangørsida kunne sjå andre arrangørar dei samarbeider med i ulike aktivitetar.Det er ein fin måte å visa verda på at me samarbeider med andre lag og organisasjonar.