Adresse

Kommunen tildeler adresse eller endrar adresse når det er nødvendig. Skrivemåten blir fastsette etter reglane i lov om stadnamn. Adressa skal om mogleg knyttast til den vegen eller gata eigedommen har tilkomst frå.

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal den som er registrert eigar eller festar informerast og få høve til å uttale seg.  

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg verksemd.

Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ein annan veg enn tidlegare.

Kommunen kan endre adresse

  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • når ein skal oppføre nye bygg
  • når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse