Dersom ein ikkje lenger ynskjer at en eigedom skal vere seksjonert, kan heimelshavar begjære oppheving av seksjoneringa. Det skjer ikkje ved reseksjonering, men ved begjæring av oppheving.
Skjema begjæring om oppheving av seksjonering skal signerast av samtlege heimelshavarar til seksjonane eller dei som er gitt slik fullmakt. Original fullmakt må då eventuelt følgje med. Samtlege panthavarar må i tillegg samtykke til oppheving av seksjoneringa.
Begjæring om oppheving med naudsynte dokument sendast samla til kommunen som fører slettinga i matrikkelen. Kommunen sender over begjæringa med vedlegg til tinglysing.
Når tinglysing er fullført, skriv kommunen ut eit matrikkelbrev for eigedommen. Kommunen kan kreve gebyr for å skrive ut matrikkelbrev.
Hugs endringar i bueiningar/leiligheter/seksjonar vil føre til endringar i kommunale avgifter pr eining, for kommunale avgifter for vatn, slam, feiing, og renovasjon.