Reguleringsplanar regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, for avgrensa område i kommunen. Dei består av:
- Plankart med arealføremål og omsynssoner
- Føresegner for planområdet og dei ulike arealføremåla. Plankart og føresegner er juridisk bindande
- Planomtale som skildrar føremålet og rammane for planlegginga. Føresegna er ofte innarbeida i planomtalen, men dei kan også vere i eit eige dokument.
- Andre relevante dokument - td. Risiko og sårbarheitsanalyse, konsekvensutgreiing, ulike utgreiingar osv. Dette vil variere mellom dei ulike planane.
Planarkiv
Dei aller fleste av planane i Luster kommune er tilgjengeleg digitalt gjennom planarkivet. I planarkivet er også dei fleste dispensasjoner og mindre planendringer registrert på dei aktuelle planane.
Arealplaner.no Her finn du oversikt over gjeldande planar og planar under arbeid.
Kommunekart.com er ei meir detaljert kartløysning med eigedomsgrensar og anna nyttig informasjon.
Slik finn du reguleringsplanane i Kommunekart.com
Meir informasjon
Private aktørar har rett til å fremje framlegg til detaljregulering. Les meir i rettleiarane og lovene under.