Har du fått brev om å oppgradere avløpsanlegget ditt må det søkast om utsleppsløyve og byggeløyve, eller påsleppsløyve. Sidan det er eit krav til kompetanse hjå den som skal utarbeide søknadane, kan du ikkje utarbeide søknadane sjølv med mindre du har den naudsynte kompetansen. Dette må i så fall dokumenterast. Ditt ansvar som anleggseigar vil være å kontakte kompetente føretak som kan ta rollane som prosjekterande part og utførande part. Ofte kan same føretak fylle begge desse rollene. Eksempel på slike føretak kan være røyrleggjarselskap, graveentreprenørar eller konsulentføretak. Prosjekterande føretak skal kunna dokumentere relevant kompetanse til å utarbeide ein ny utsleppssøknad og byggjesøknad. I Luster kommune vil eit røyrleggjarfirma kunna fungere som prosjekterande og utførande føretak. Luster kommune kan hjelpe med ei oversikt over kompetente føretak i området.
Utsleppsløyve og byggeløyve
Skal du etablere eit nytt sanitæranlegg eller oppgradere eit eksisterande anlegg krevs det to løyver: utsleppsløyve og byggeløyve.
Utsleppsløyve
Utsleppsløyve er ein søknad om løyve til å forureine og gir huseigar eit unntak frå hovudregelen om at det er forbode å forureine. Kommunen vil krevje utsleppsløyve om du skal:
- Etablere nytt avlaupsanlegg
- Oppgradere eksisterande anlegg
- Knytte fleire bygningar til eksisterande anlegg
- Og viss det blir ein auke i tal på personar som skal nytte eksisterande anlegg
Utsleppsløyve blir gitt dersom det er dokumentert at den planlagde anleggsløysinga innfrir reinsekrava i ureiningsforskrifta kapittel 12, byggteknisk forskrift (TEK17) § 15-8, samt at vilkåra i løyvet blir oppfylt. Det føreset at ansvarleg utførande føretak kjenner til gjeldande standardar og normer. Kommunen har inga plikt til å sei ja til eit utsleppsløyve. Det er også viktig å merke seg at løyvet ikkje varar evig, og kan trekkast tilbake dersom det er faglege grunnar for det. Dette kan eksempelvis være endring i den samla belastninga i området du bur.
Byggeløyve
Etter at utsleppsløyve er gitt, kan kommunen gi byggeløyve. Formålet med byggeløyvet er å sikre at føretaka som du nyttar har god nok kompetanse til å utføre anleggsarbeidet etter krava. Byggeløyvet er permanent og du må være sikker på at både byggeløyve og utsleppsløyvet er gitt før arbeidet blir satt i gang.
Påsleppsløyve
For anleggseigarar som bur i område med kommunalt avløpsnett, vil det bli pålagd påslepp til det kommunale nettet for dei som ikkje allereie er påkopla. Det er eit krav i plan- og bygningslova §27-2 at husstandar skal være påkopla kommunale nett der det er mogleg.