Søkjarar som har rett på produksjonstilskot med tiltak på eige bruk eller leigejord skal prioriterast framfor andre søkjarar. Søkjarar med bustadadresse på landbrukseigedomen blir prioritert føre søkjarar/eigarar som ikkje har flytta til eigedomen. I vurderinga skal det takast omsyn til tiltaket sin ålmenne verdi i form av synleggjering/tilgjengeleggjering av kulturlandskapskvaliteten det er snakk om. Dersom tiltaket er knytt til eit nasjonalt, regionalt eller lokalt verdifullt natur- og kulturlandskap, skal dette vektleggjast i vurderinga.
Det vert ikkje gjeve tilskot til prosjekt som er igangsette eller avslutta før søkjetidspunktet. Ein søkjar kan ha opptil to forskjellege prosjekt samstundes gitt at der er ledige budsjettmidlar.
Kommunen får tildelt ei ramme som blir fordelt på søknadane. Kommunen må derfor gjere ei prioritering mellom søknadane som kjem inn i kvar søkaromgang. Prioriteringa kan vere både om ein får tilskot og/eller storleiken på tilskot.