Tilskot til felles utmarksgjerde

Samarbeidsprosjekt for oppsetjing av sperregjerde over lengre strekningar kan støttast med tilskot frå kommunen. 

Intensjonen bak tilskotet er at det einskilte stader kan liggje til rette for nye samarbeidsløysingar for større område og er i all hovudsak retta mot næringsorganisasjonane i landbruket i Luster.

Tilskot vert individuelt vurdert for kvar einskild søknad og kan koma i tillegg til ev. statstilskot etter ordninga for organisert beitebruk.  

Ikkje eige søknadsskjema. Søknad skal innehalda kostnadsoverslag og kart med innteikna gjerdestrekning samt grunngjeving for behov for felles utmarksgjerde.