NæringsfondKommunen har fleire økonomiske verkemiddel for eit framtidsretta næringsliv, både etablerte bedrifter og nyetablerarar.Lån og tilskotKommunen har eit eige næringsfond, og kan gjennom det gje både lån og tilskot.Lån vert gitt til fysiske investeringar: Bygg og utstyr. Låna kan gjevast med rente- og avdragsfri periode på inntil 3 år. Tilskot vert gitt til utviklingstiltak slik som oppstarting, planlegging og prosjektering, undersøking, produktutvikling, marknadsundersøking og marknadsføring, samt opplæring /kompetanseoppbygging.I dokumentet «Grunnlag for handsaming av næringssaker» finn du meir detaljert informasjon om korleis kommunen sine tilbod til næringslivet er. (DOCX, 2 MB)Her finn du søknadsskjema Næringsfond - søknad om lån eller tilskot Innovasjon NorgeBedriftene i Luster kan òg nytte Innovasjon Norge sitt verkemiddelapparat. Både tilskot og lån kan ytast til bedrifter i Luster frå Innovasjon Norge. Innovasjon Norge kan òg yte finansiering til tiltak med utgangspunkt i landbruksnæringa.Luster kommune har òg fleire støttetiltak i høve landbruket.