Luster kommune har eit variert næringsliv. Landbruk er framleis ei viktig næring i kommunen, reiselivet har sterke historiske tradisjonar og er i god utvikling. Dei siste 20 åra har det og vore ein betydeleg vekst i industrien; Luster er leiande innan merkeproduksjon. Fleire store og små kraftverk gjev både sysselsetjing og inntekter til kommunekassa.