Dersom du ønskjer innsyn i eit dokument kan du finne dokumentet i postlista, søke etter saker eller dokument og be om innsyn direkte gjennom eigen innsynsknapp.
Du kan også sende ein e-post til post@luster.kommune.no og be om innsyn i ei konkret sak eller dokument.
Handsamingstid
Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan 1-3 virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan 5 arbeidsdagar frå kommunen mottok kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.
Klage
Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir da rekna som eit avslag.
Pris
Kommunen kan krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Då kan det krevjast ei krone pr. ark utover 100 og betaling for heile utsendinga, jf. offentlegforskrifta § 4.