Eigedomsskatt

Eigedomsskattelista for 2025 ligg ute til offentleg ettersyn i 3 veker, til og med 23. mars 2025, på rådhuset i Gaupne.

Kommunestyret har vedteke eigedomsskatt etter eigedomsskattelova §3c, dvs kraftverk og kraftnett.

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt har vedteke rammer og retningsliner for taksering av eigedomar.

Utlegging til offentleg ettersyn
Lista viser dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, gards- og bruksnummer, eigedomsskattetakst, botnfrådrag, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp.

Faktura for eigedomsskatten kjem i 2 terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, forfall 15. april og 15. september.