Eit råd med gjennomslag

Rådet for personar med funksjonsnedsetting i Luster har i 2024 lagt ned eit aktivt og målretta arbeid for eit meir inkluderande lokalsamfunn.
Heile 42 saker på agendaen fordelt på 6 møte, har rådet vore ein viktig medspelar og pådrivar for universell utforming, betre tilrettelegging og meir inkluderande løysingar i kommunen.

Med Jon Ove Lomheim som leiar, har dei vore tett på dei store prosessane i kommunen. Dei har hatt fellesmøte med eldrerådet og fått god informasjon frå administrasjonen om mellom anna helse- og omsorgstenester mot 2030, flyktningsituasjonen, nye barnehageplanar på Hafslo og universell utforming av kyrkjene.

Engasjert og handlingsretta

Rådet har både vore høyringsinstans i store politiske saker, som budsjett og kommunal plan for oppvekst og førebygging, og teke opp eigne initiativ – som universell utforming av sjølvbeteningskassar i butikkane, HC-parkering, og tilgjenge til kyrkjebenker for rullestolbrukarar.

Særleg har rådet vore oppteken av HC-parkering i kommunen. Dei har peika på manglande skilting, for bratte plassar og behov for overbygde løysingar med moglegheit for lading av HC-bilar.

– Tilkomsten må vere på plass om folk skal kunne bruke tenestene – anten det gjeld helsehjelp, skule eller fritidstilbod, understrekar rådet.

Tilgjengeprisen 2024 

I 2024 gjekk Tilgjengeprisen til «Tilrettelagt friluftsliv» – eit samarbeid mellom Luster Turlag (FTU), NFU Luster lokallag og Luster frivilligsentral. 
Formålet med prisen er å setje positivt fokus på arbeidet for å fjerne eller redusere barrierar som hindrar deltaking i samfunnet.  
Universell utforming handlar ikkje kun om fysisk utforming, men også om tilrettelegging av aktivitets- og kulturtilbod.
Tilgjengeprisen 2025 skal delast ut i kommunestyret 10. april 2025

Rådet jobbar vidare for eit Luster der alle får delta – på lik linje.

 

Årsmeldinga 2024 (PDF, 2 MB)