F.v. Rolf Øyvind Thune, Kurt Heggestad, Terje Torgersen og May-Hilde Hjelmeland.40 mjølkeprodusentar i Luster møtte opp, og det var positiv stemning i den hardtarbeidande gjengen. Tre nye fjøsar med mjølkerobot er bygd i Luster siste året.
Kurt Heggestad fekk premie for 10 år med feilfri levering av geitemjølk og May-Hilde Hjelmeland saman med Terje Torgersen fekk premie for 10 år med feilfri levering kumjølk.
Nestleiar i Tine sitt styre, Rolf Øyvind Thune var på besøk og han delte ut premiane.
Les meir om at Tine deler ut overskot til mjølkebønder.
Luster produsentlag skriv at Lustrabøndene leverte 6,23 millionar liter kumjølk og 245 000 liter geitemjølk i 2024.