Bakgrunn
Sogn KO ser eit felles behov for ein veteranplan for å sette veteranarbeidet i system. Sogn er eit felles bu- og arbeidsområde, og ein felles plan vil difor kunne bidra til eit betre samla arbeid for veteranane i regionen.
Kva er ein veteranplan
Ein veteran er alle som har gjort teneste i Forsvaret - både i internasjonal og nasjonal teneste – inkludert førstegongsteneste, anten militær eller sivil. Ein veteranplan er eit styringsdokument som skal sikre at kommunen eller regionen har ein tydeleg, føreseieleg og samordna måte å følgje opp veteranar og deira familiar på. Planen skal styrke samarbeidet mellom kommunar, Forsvaret, helsetenester, NAV og frivillige organisasjonar, og fungerer som eit verktøy for tenesteytarar, politisk leiing og veteranar.
Overordna mål
• Anerkjenning: Synleggjere og verdsetje innsatsen til veteranar.
• Felles ivaretaking: Heilskapleg og koordinert tenestetilbod i regionen.
• Styrka kunnskap: Kompetanseheving hos tilsette og veterankontaktar.
• Informasjon og medvit: Felles plattform for kunnskapsdeling og synleggjering.
Høyringsfrist 10. mai 2026
Send innspel til høyring