Hyllest til Jarle

Kommunestyremøtet 27. februar blei historisk då siste rådmannen i Luster kommune blei takka av.

Rådmann Jarle Skartun med akvarell måla av Arvid Elekrok - Klikk for stort bileteRådmann Jarle Skartun med akvarell måla av Arvid Elevkrok

Den 27. februar vart Jarle Skartun heidra i kommunestyremøtet etter tett på 13 år som rådmann i Luster kommune. Markeringa starta med humoristiske innslag frå ordføraren, før det vart halde meir høgtidelege tale. Fleire politikarar nytta òg høvet til å seie nokre ord til den avtroppande rådmannen.

Jarle Skartun sjølv uttala at han kjenner både vemod og lette over å avslutte denne epoken.

Ønskjer du å sjå heile markeringa, ser du den kommune-TV på denne lenkja.

Den 17. mars overlet Jarle Skartun stillinga til den påtroppande kommunedirektøren, Jon Bolstad.

Rådmann og ordførar - Klikk for stort bileteRådmann Jarle Skartun og ordførar Andreas Wollnick Wiese med fotografi, teke av Ørjan Talle, av pelssau-væren med namnet Jarle Skartun