Kven kan søkje?
Lokale aktørar (fylkeskommunale, kommunale eller private), frivillige lag og organisasjonar.
Kriterium for tildeling av tilskott / krav til innsamlingsarbeidet
- Språkrådet ønskjer ei så grundig innsamling som råd, og det er derfor eit krav for å få tilskott at innsamlingsarbeidet er konsentrert til eit klart avgrensa område. Det kan til dømes vere ein del av kommunen tilsvarande eit kyrkjesokn eller eit anna naturleg avgrensa område.
- Språkrådet vil prioritere søkjarar som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i lokalmiljøet.
- Det er ein føresetnad at registreringsverktøyet som er omtala ovanfor, blir bruka aktivt i innsamlingsprosjektet. Det er utarbeidd ei rettleiing til verktøyet, og tilskottsmottakarane vil få tilbod om rettleiing og oppfølging undervegs i innsamlingsarbeidet.
- Tilskottsmottakarane må ha ein namngitt prosjektleiar. Prosjektleiaren er ansvarleg for organisering, gjennomføring og rapportering av innsamlingsarbeidet. Det er ein føresetnad at prosjektleiaren har erfaring frå innsamling av stadnamn, eventuelt registrering av andre kulturminne. Prosjektleiaren må kvalitetssikre det innsamla materialet før det blir publisert.
Søknadsprosess og tidsfristar
Søknadene blir behandla av Språkrådet. Søknadsfristen er 1. april.
Har du spørsmål om tilskottsordninga, kan du kontakte rådgivar Line Lysaker Heinesen på e-post line.lysaker.heinesen@sprakradet.no eller på telefon 45 73 70 45, eller seksjonssjef Daniel Gusfre Ims på e-post daniel.ims@sprakradet.no eller på telefon 95 76 51 52.
Les meir om tilskottsordninga