Oppdatering 13.03 - 15:00
Det er tatt oppfølgande målingar av drikkevatnet frå Dale vassverk. Analyseresultata er så langt fine, men for å vere heilt sikre på at det ikkje er ureining i vatnet blir det tatt nye prøver måndag 17.mars . Det er framleis kokepåbod til det blir gitt melding om at vatnet er friskmeldt.
Oppdatering 06.03 - 11:00
KOKEPÅBOD Dale vassverk, Luster.
Leidningsnett vatn i Luster er øydelagt i Dombegrovi. Alle på sentrumssida av Dalsdalselvi og dei innanfor raudt område i kartet MÅ koke vatnet som skal nyttast til drikkevatn, dersom det er vatn i springen, då vatnet kan vere ureina. Vatnet i utsette tankar kan nyttast utan koking.
Dette gjeld då ikkje Omsorgssenteret og abonnentane ved og ovafor Lerisbui.
Det vil bli gitt ny melding når vatnet kan nyttast som vanleg.
Dale vassverk - kart
Drikkevasstank i Luster
Vatnet i utsette tankar kan nyttast utan koking.
Drikkevasstank ved Lustrabui
Drikkevasstank ved omsorgssenterOppdatering 06.03 - 09:30
Vassverket i Luster er framleis ute av drift. Det vert levert vatn kun til omsorgssenteret. Det blir plassert ut ein drikkevasstank ved Lustrabui og to tankar ved omsorgssenteret. Her kan innbyggarane hente vatn fram til det kommunale nettet fungerer igjen.
Første informasjon 05.03
Abonnentar ved Dale vassverk i Luster er no utan vatn, mest truleg forårsaka av jordraset ved Oppvekstsenteret. Teknisk drift har ordna slik at Luster omsorgssenteret og eldrebustadane har vatn. Alle andre abonnentar i tettstaden Luster vil ikkje få igjen vatnet før feilen er reparert. Grunna begrensa framkommelegheit kan det ta noko tid. Beklagar ulempene dette medfører.
Det blir køyrt ut vasstankar torsdag formiddag.