Plussresultat for Luster

Rekneskapen for Luster kommune syner eit positivt resultat i 2025. Dette styrkar kommunen sin evne til å investere og drive næringsutvikling i åra som kjem.

Rekneskapen til Luster kommune viser eit overskot på 33 millionar kroner, i hovudsak knytt til ekstraordinære inntekter (utbytte, skatteinngang og finansinntekter). Dette bidreg til å styrke fonda til kommunen.

Kommunen leverer gode tenester, men sjølve drifta kostar meir enn vi hadde budsjettert. Vi kan ikkje basere oss på at ekstraordinære inntekter skal redde driftsbudsjettet kvart år.

– Det er litt utfordrande å mane til driftsomleggingar og effektivisering samstundes som tilsette og publikum høyrer om godt resultat. Då er det ekstra viktig at vi forklarar samanhengane, seier kommunedirektør Jon Bolstad.

Eit av dei viktigaste vala framover er nemleg å leggje til rette for investering i eit nytt helse- og omsorgsbygg. Dette handlar ikkje berre om eit bygg, men om å utvikle vidare kjernefunksjonar for omsorg og helse på ein slik måte at vi møter framtida med tenester som er tufta på gode og langsiktige val der fagfolk gjerne vil arbeide.
Du kan lese meir om prosessen med nytt helse- og omsorgssenter her

Luster har gode føresetnader for å lukkast, samstundes som vi må erkjenne at det er mange forventningar som ikkje kan innfriast med det fyrste.

Du kan lese meir om budsjett 2026 og økonomiplan 2026-29 her