Gjennom eit nytt prøvebu-prosjekt kan du flytte inn i eit moderne mikrohus i Skjolden og oppleve korleis det er å bu og leve i Luster kommune – ikkje berre som besøkande, men som ein del av lokalsamfunnet.
I dette mikrohuset han du prøvebu i inntil tre år.
Ørjan Talle
I prøvebu-perioden, som kan vare i opptil tre år, får du moglegheit til å bli kjent med bygda, menneska og moglegheitene som finst her. Kanskje oppdagar du at Skjolden, eller ein annan stad i Luster, er plassen du vil kalle heime?
Representantar frå Skjolden bygdelag vil introdusere deg for lokalmiljøet og hjelpe til med å integrere deg.
Eit lite hus med stor utsikt
Mikrohuset ligg i Eplehagen mikrohuslandsby i Skjolden, med fantastisk utsikt mot Eidsvatnet. Her bur du med naturen tett på, samtidig som du har det du treng i nærleiken.
Les meir om mikrohuslandsbyen her.
Frå huset er det gangavstand til lokale møteplassar som Fjordstova og Skjolden hotell, matbutikk og fleire flotte turstiar.
Mikrohuset er 30 m², oppført i 2024, med eigen bod på 3 m² og ein stor utandørs platting rundt huset. Det er installert varmepumpe og internett, og huset blir leigd ut umøblert slik at du kan gjere det til ditt eige.
Kven kan søke?
Prøvebu-ordninga er for deg som ikkje bur i Skjolden eller Luster kommune i dag, men som ønskjer å prøve å bu og arbeide her.
Du må ha fast jobb med arbeidsstad i Luster kommune, ha mellombels tilsetting på meir enn eitt år med arbeidsstad i Luster kommune, kunne ha heimekontor eller vere sjølvstendig næringsdrivande
Ordninga passar for:
- 1–2 personar, eller 2 vaksne og eitt lite barn
- personar mellom 25 og 55 år
Personar som er folkeregistrerte i Luster kommune kan også søke dersom dei kan dokumentere arbeid eller studiar utanfor kommunen dei siste to åra.
Prøvebu er ein del av BusLust-prosjektet til Luster kommune.Praktisk informasjon
📍 Adresse: Bolstadvegen 19J, 6876 Skjolden
🏡 Leigeperiode: Inntil 3 år
💰 Leigepris: 9000 kroner per månad (straum og internett kjem i tillegg)
📦 Leigeform: Umøblert mikrohus
⏰ Oppseiingsfrist: 3 månader
Søknadsfrist: 1. august
Lenke til søknadsskjema
Søknadane blir handsama frå 1. august, og planen er innflytting frå 1. oktober – eventuelt tidlegare dersom det passar.
Ved spørsmål, ta kontakt med Lisa Kvålshaugen Bjærum:
e-post: lisa.kvalshaugen.bjerum@luster.kommune.no
Tlf. 41 81 59 42