Representantar for arbeidsgruppa- fv. Frode Svori (Brevegen), Kristine Selbervik Lund (praksisstudent, NMBU), Andy Cullens (Icetroll), Florian Dremsa (Breheimsenteret), Marte Meland (Luster kommune), Steinar Bruheim (Jostedalen Breførarlag).
Erik Skjerdal (Politiet Vest)
Tidleg start på sumarsesongen ved Nigardsbreen:
Torsdag var arbeidsgruppa for Nigardsbreen, som er sett saman av forvalting, oppsyn og aktørar i området, på plass for å gjere klart utkikkspunktet ved brefronten, og å sjå til at stien framover er i stand. Nigardsbreen naturreservat er det absolutt mest besøkte verneområdet i Luster, og kommunen som forvaltingsstyresmakt jobbar mykje med tryggleik og tilrettelegging for besøkande. Grunna tidlegare alvorlege ulukker knytt til isras og flaum i elva, er det lagt ned mykje arbeid for å få fram informasjon til dei besøkande om kva naturfarar som finst i området, og korleis ein kan ferdast trygt. Turen fram til utkikkspunktet er merka og skilta, og frå juni er det dagleg ein informasjonsvert tilstades for å bidra til trygge og gode opplevingar for besøkande.
Sidan klimaendringar gjer til at isen smeltar fortare enn det vert danna ny is, ligg og brefronten lenger og lenger opp i dalen. I 2024 målte NVE brefronten omlag 40m lenger unna enn året før, og sidan 2003, då breen var på sitt største i seinare tid, ligg brefronten 750 meter lenger opp i dalen! Når isen er vekke, kjem det nytt terreng til syne- og turen fram til brefronten vert lengre!
Florian og Erik sett opp utkikkspunkt.