Stipend barnehagelærarutdanning
Stipend til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning på deltid.
Arbeider du i barnehage og ønskjer å bli barnehagelærar?
Til hausten startar det opp arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning i Førde.
Det betyr at du som arbeider i barnehage kan ta deltidsutdanning over fire år for å bli barnehagelærar.
Kravet er at du har generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du vere tilsett i ein barnehage.
Søknadsfrist til studiet er 15. april til HVL.
Les meir om studiet her:
Barnehagelærer | arbeidsplassbasert - Høgskulen på Vestlandet
Luster kommune vil gje stipend til tilsette som søkjer og gjennomfører dette barnehagelærarstudiet.
Kompetanseregion Sogn vil også gje eit stipend. Totalt vil ein kunne få stipend på kr 100 000 over fire år pluss fleire andre gode.
Om du ønskjer meir informasjon, ta kontakt med oppvekst ved Knut Åge Teigen på e-post
knut.age.teigen@luster.kommune.no eller tlf. 951 47 914