Temamøte for næringslivet
Luster kommune og Luster Sparebank arrangerer to temamøte for næringslivet no i vinter. I tillegg til interessante og aktuelle innlegg, er det ein fin måte å møta kollegaer i næringslivet på. Me ynskjer alle i næringslivet i Luster kommune og Sogn elles hjarteleg velkomne. Det vert servering på møta.
Det første temamøtet vert 27. februar kl. 18 på Gaupnetunet.
Temaet for møtet er vasskraft og betydninga denne har for Luster kommune.
Vasskrafta er viktig for Luster kommune. Representantar for dei store aktørane innan vasskraft vil snakke om status og planar for sine verksemder i Luster kommune.
- Prosjektleder Statnett, Oddbjørn Strand
- Dagleg leiar Luster Energi AS, Anders Molland
- Regionsdirektør Statkraft Energi Region Midt-Norge, Kåre Hønsi
- Kraftverkssjef Hydro Energi Sogn, Per Gullaksen
Det andre temamøtet vert 13. mars kl. 18 på Eikum Hotel.
Det vert spennande og interessante innlegg om to ulike tema:
- Professor i økonomi ved NTNU, Ragnar Torvik, vil snakka om dei økonomiske utsiktene globalt og nasjonalt og korleis dette påverkar oss i Luster og Sogn.
- Odd-Bjørn Hjelmeset, ny sals- og marknadssjef i Digital Etikett, fortel om reisa frå å vera den raskaste på ski i verda til dei raskaste leveringstidene i etikettverda.
Påmelding seinast to dagar før kvar av møta til Luster Sparebank ved leiar bedriftsmarknad Torbjørn Kjørnes: E-post: torbjorn.kjornes@luster-sparebank.no eller telefon: 906 53 791